På "jazzkafe" med Einar Longvas kvintett 6. mars 2010 |
Foto og tekst: © Ragnar Tomasgård |
Jazzklubben i Ørsta/Volda har i mange år vore aktive med innslag av høg kvalitet. På ”Kafe Grønne Treet” i Volda kan ein gå rett inn frå gata og tru ein er komen til New Orleans. Denne laurdagen var der storfint besøk av Einar Longvas kvintett frå Ålesund. Eg hadde høyrd dei før så visste litt kva eg gjekk til, og eg vart ikkje skuffa. Flott swingjazz - det meste i god Art Van Damme stil. Velformulert trekkspel med sjefen sjølv, klarinetten vart traktert av Leif Ståle Aasebø, og ikkje å forgløyme Kurt Sagen som har hatt ei svært spanande og elegant utviklingsprofil. |
![]() |
![]() |
|||||
Einar Longvas kvintett | Gnistrende samspill mellom Einar Longva og gode Kurt Sagen på gitar |
![]() |
|
Gitaristen treng også litt omtale. Kurt Sagen har utvikla seg til gitarist i særklasse. Han er solid akkordspiller, men i tillegg har han godt utvikla soloteknikk - litt a la Charlie Christian, så eg mistenker han for å lytte ein del på gamle skiver. Han løfta nivået fleire hakk i sine solosekvenser. Var i mange år aktive mellom anna saman med Ragnvald Weddegjerde, og han var kjend for å være kresen på kva han tok med seg på dansespel. Han spelte og med Frode Rogne den tid han var aktiv. Utruleg rutinerte folk både som solister og i samspel. Ikkje noko tendens til overspeling. Publikum var eit godt uvalg av musikere og entusiaster for denne type musikk.
|
||||
Rutinerte bassister mellom publikum - Svein Hunnes og Øystein Øye, begge Volda |
Bak batteriet rutinerte Ivar "Gutte" Hovde - opprinneleg frå Ørsta. På el-bass Terje Olsen, Ålesund, litt beskjeden kanskje, men behageleg og presis i lydbilde som heile tida var i fin balanse. Fin stemning frå første takter, der vi fann fin vekselvirkning med soloinnslag, der mannskapet fekk utfolde seg som fortjent. Fine velmodulerte fraseringer kombinert med saftige blokkakkorder. |
![]() |
![]() |
|||||
Terje Olsen, Ålesund - rutinert bassist | Ivar "Gutte" Hovde - solid kar bak trommene |
Musikken var evergreens og ballader av god gammel årgang. Musikken vært presentert over eit par dryge timar, med ein liten pause i midten. Tida gjekk fort, og etter eit ekstranummer pakka dei ned og sette kursen mot Ålesund. Dei fins på CD, og skulle ein nå tak i den ved eit seinare høve vil det avgjort være ei god investering.
Takkar for visitten. Som sagt eg har høyrt dei før og gled meg allereie til neste gong.
RagnarT. |
![]() |
||||||
Leiv Ståle Aasebø, Ålesund - klarinett |
|