Sumarfest i Volda

 13. juni 2009

Foto og tekst: © Ragnar Tomasgård

 

Så vart det Sumarfest i år og. Arrangementet har ei fast råme som vil held oss innafor. Det dreier seg om ein kveld med høve til rimeleg matøkt og passe lange speløkter.

 

I Ørsta-Volda område er det stor aktivitet med dansarar og kursing jamt over heile året. Tango, swing/bugg og gammaldans, og så seniordansarane, som går sitt løp i eige tempo.

 

         

  Alf Lødemel, Ørsta. Senior i laget med 81 år og spelar like bra som ein ungdom.      

Bjarne Nordsletten (Ballan) som alltid smilande bak trommene,

 sjølv om øktene kan bli i drygaste laget.

 

 

Vi hadde høyrt rykte om at Melle&Lødemel ville stille denne gongen og for enda ein gong å få vise kva dei er god for. Dei fekk disponere første økta og med seg på bass hadde dei rutinerte Øystein Øye og på gitar, Per Jarle Hommelhaug og Ballan (Bjarne Noredsletten) på trommer. Med denne solide trioen i ryggen kunne dei berre sleppe seg laus. Magnar Melle med sine 79 år spelar fele  som ein ungddom. John Ørstavik også fiolin, har mykje av den same godlåten i fela og fyller fint på med obligat stemme. Senior og veteran i gruppa er likevel Alf B. Lødemel på trekkspel. Han er fødd og bodde dei første i Honndalen, og har sterke slektsband dit den dag idag. Lødemelfamilien i Ørsta har mange gode musikanter så dei musikalske Honndalsgenene både på far- og morsida, har hatt gode utviklingsforhold i Åmdalen. Samspelet mellom Magnar og Alf må berre nytast, og denne kvelden var dei på topp.

 

   

 

   

  Halkjelsvika Spelemannslag med godt driv. Musikalsk leiar Ragnar Tomasgård med trekkspel til venstre.       Sverre Fløtres kvartett med Harald Holte (gitar), Per-Jarle Hommelhaug (bass) og Bjarne Nordsletten (trommer).  

 

Elles finn vi veteraner som Sverre Fløtres som spelar i Åmdalen Trekkspelklubb. Etter nokre passive år kom han igjen på bana med eige orkester på Julefestane våre, og noko seinare var han igjen aktiv i klubben. Lars Håvik leverer alltid bra, og med god komp er det kjekt både å danse og å lytte til. Rutinert og kultivert, passe improvisert så fell det i smak for dei fleste. Han er også aktiv i Åmdalen som stiller i Orkdal på NM ved jonsoktider.

Alf Vatne og Svein Dalane med komp, utgjorde "Møregjengen". Den kvinnelege tredjemedlemmen er Heidi Oksavik. Ho har prioritert familien ei stund, og med ansvar for 3 småbarn, får trekkspel og gjengen kvile litt. Kjenner eg ho rett, dukkar ho nok opp igjen med tid og stunder.

Halkjelsvika Spelemanslag spelte godt denne kvelden som ofte før. 4 fioliner og 3 trekkspel med komp blir eit fyrig spelemanslag og dei har danseapell, med fullt golv frå førte melodi.

 

         

  Nordvesten frå Ørsta-Volda med leiar Åsmund Egset til høgre med trekkspel.       Trekkspelaren Lars Håvik fiksar det meste. Aktiv i Åmdalen trekkspelklubb, men spelar og med eiga gruppe.  

 

Nordvesten er ei likandes gruppe med behageleg dansemusikk der ein finn gamle slagere, men også bra dansbart toraderstoff. Etter mange år saman held dei framleis fin profil, og dei er populære mellom dansarane.

Volda Toraderlag fekk sluttetappen denne gongen. Dei la også inn ei buskspeløkt, men då klokka nærma seg ett var dei fleste nøgde, og vi var klare for dei obligatoriske siste 3, så dei som hadde vore tilbakehaldne før på kvelden, fekk ein siste sjanse til ein "smygar", for å bruke Magnar Melle sitt vokabular.

Noken fortjener ein ekstra honnør meir enn andre. Det gjeld trommis Bjarne Nordsletten som var å finne stødig bak trommene gjennom heile kvelden. Vidare gjeld det  Per Jarle Hommelhaug som avgjort har funne igjen speleforma frå "Gamle dager" og besørga flott komp for ikkje mindre enn 5 grupper.