Vårsprell i Hornindal

 17.-19. april 2009

Foto og tekst: © Ragnar Tomasgård

 

Tradisjontreff

Toraderlaget i Hornindal, Dalatrekkjen, inviterte også i år til musikalsk og sosialt treff første helga etter påske. Staden var som tidligere trivelege Raftevold Hotell. Treffet i år var nr. 13 i rekka, og dei har ikkje planer om å legge inn årane. Volda Toraderlag har vore gode naboar og vore med heilt frå starten.

 

Fredagskvelden

Dei fleste synes vel ein kveld om gangen er nok, men der er også ein hard kjerne som passar på å få med seg begge kveldane. Fredagskvelden var der 4 grupper i sving, som tok eit par økter kvar. Foruten Dalatrekkjen, fann ein Krokarane, Randis gammaldansorkester og velkjende Ramstadstråndingein frå Sjåk. Desse gruppene fann vi heldigvis også igjen på laurdagen der ein fekk både sjå og høyre dei i aksjon. Dei som var der på fredagen fekk romsleg danseplass på parketten i Nyesalen, som var arenaen denne kvelden. 

 

Randis Gammeldansorkester spelte kjempebra

 

   

 

 

Laurdagen

KONSERT

 

Laurdagen er og blir hoveddagen, der det også er lagt inn ein variert og fint samansett timelang konsert. Her fann ein passe blanding med lokale kulturinnslag med sang, og tillegg til at enkeltaktører og grupper fekk ta del. Fint at ein passar på at dei unge slepp til. Hornindal har satsa ein del på kultur på barne- og ungdomsnivå, og dette er med på å sikre rekruttering. Eldsjela bak mange av tiltak er som alltid Oline Løvlid Otterdal. Godt støtta av ektefelle og resten av toraderjentene, får ho ting i sving. Kjend aktør frå tidlegare år frå Rauma, Arne Johnson, har funne seg kone Yuliya frå Russland, og ho var ikkje kven som helst. Trekkspelvirtuos av klasse og dei serverte duetter og soloinnslag av høg teknisk og musikalsk kvalitet.

 

Etter konserten var der ein passande pause, der nokon slappa av, nokon trimma, og andre fann seg ein krok og drog igang litt buskspel. Det høyrer med ved slike stevne, og kan være både triveleg og vellukka.

 

  Nygifte Yuliya og Arne Johnson leverte fine innslag med høg kvalitet i solo og samspel          

 

Arrangørlaget Dalatrekkjen frå Honndalen spelar bra og held framleis i lag etter 13 år med treff

 

   

 

 

KVELDSØKTA

 

Laurdagskvelden som alle ser fram til vart spanande med både kjende og ukjende grupper. Per Hammerø overraskar ofte og har alltid spanande ting på repertoaret. Litt nytt, litt gammalt og litt sjølvkomponert. Dei verbale kommentarane er også fint å få med, presentert med Per sin spesielle stil og dialekt. Denne gongen hadde dei og blese støv av den gamle "Flyskrekk" gruppa, og den svinga skikkeleg bra. Gammaldans krydra med spanande akkordbruk så det kribla i dansefoten. Det som vart presentert denne gongen bar bod om ein ny vår for denne kombinasjonen. Speleglede og virtuositet til tusen. Vi sakna denne gongen litt gitaristen Reidar Dale, som vel var oppteken i anna oppdrag. Eid Spelemanslag held posisjon og har greid å fornye seg.  Ein del solide aktører som får det til å svinge. Dei har også lagt inn litt populære melodier og "sullar" litt attåt. Det løfter litt på stemninga. Dei hadde litt forfall, med brødrene Anders og Harald Bjørneset støtta godt opp som medaktørar. Så var det Volda Toraderlag med lang fartstid, som også held nivået med gammaldans og i melodiutvalget finn ein og tango og friske swinglåtar. Etter dei kom Nordvesten under leiar Åsmund Egset, som spelar triveleg og variert dansemusikk. Populært danseorkester der dei kombinerer torader og trekkspel. 

 

  Per Hammerø i konsentrert utgåve          

 

I den tradisjonsrike "Dølensalen” fann vi lokale grupper som Hornindal Trekkspelklubb, Krokarane,  Nordbygda Splelemanslag som alle held seg i god speleforn og leverer stødig og bra gamaldansmusikk også med meir moderne takter. Bak trommene fann vi som tidligere "Ballan" alias Bjarne Nordsletten som framleis kan jobben sin uten å overspele. Så kom det som vart favorittgruppa denne gongen, nemleg Randis Gammeldansorkester frå Breimområde. Dei skuffa sanneleg ikkje. Ei fele, to trekkspel, gitar og bas. På fele fann vi Randi Støyva frå Breim. Elles var det Joar Dvergsdal frå Jølster på gitar, Tore Drageset og Georg Kvamme på trekkspel, begge frå Innvik. Den faste bassisten er Edvin Rand Hopland. Randi svinga seg lett opp i posisjon der tonsettinga var klokkerein og mjuk. Tankane gjekk umiddelbart tilbake til andre gode grupper med fele på topp, som Uhlens kvintett, Hans W.Brimi, Hilmar Alexandersen, Flukt og Bjørn Turtums gruppe for å nemne nokon. Fin og korrekt melodilinje, med rette "feelingen" for stoffet dei framførde.  Dei andre i gruppa sørga for fint bakteppe, og resultatet vart med andre ord bortimot perfekt.  Slik skal det låte. Litt Gudbrandsdal stil, men det er ikkje noko dårleg stil. Om dei ikkje har produsert CD, bør dei kontakte folk som kan hjelpe dei med det.

 

Åra og kroppen krev sitt

 

Så var det dette med skjønnheitssøvnen då. Ikkje så lett å sikre den, når det er sett opp gode grupper til kokka 0300 søndagsmorgon. I ei tid der ein ikkje får hverken høyre eller sjå denne type musikk utanom treffa, er det viktig å nyte kvart minutt. Gammeldansnorge.

 

Natta var roleg men kort, og utsikta mot Honndalsvatnet var det ikkje noko å klage på i strålande vårver. Etter ein velsmakande frokost, kunne ein så attende på nok ei triveleg musikksamkome på Raftevold Hotell. Hotellet takkar for oppmøte og ynskjer velkomen igjen.