"Belgiade" nr. 29 i Geiranger

 4.-6. september 2009

Foto og tekst: © Ragnar Tomasgård

 

   

 

  Det er alltid med litt spaning ein legg iveg til festivaltreff. Denne gongen var det til Geiranger der det går i kjende spor. Fergeturen er litt for seg sjølv, og fint er det å sjå at fjellgardane vert tekne vare på og brukte. Dei siste plassane vart fråflytta ca. 1960 og stod deretter til nedfalls i nokre år, før "Storfjordens venner" tok på seg å restaurere og halde vedlike den gamle bygningsmassa.

Når det gjeld Belgiaden så går det i kjende spor, så større overraskingar er det kanskje lite av. Det treng ein heller ikkje, når det er triveleg som det er. Heller ikkje denne gongen fekk vi med oss alt. Vi slutta oss til treffet utpå laurdagen, der vi fekk med oss hovedkonserten på ettermiddagen. Først eit par ord om arrangørklubben, Ørskog og Omegn Trekkspelklubb, som nok ein gong må berømmast for sin aktivitet og bredde. Der er det tydelegvis "in" å spele instrument med belg. Ein ser bedring frå år til år i ferdigheiter, og alle er tilslutta fellesorkesteret som tel opptil 30 stykker. Kompen besørga av stødige karer frå Sykkylven, Sigbjørn Brunstad, gitar og Odd Arne Risvik bass. Musikalsk leiar i klubben er Håvard Svendsrud, men han var fråværande på dette treffet, og Reidar Opsal fekk æra av å assistere som leiar og oppteljar.

 

  "De sys søstre" med garden Knivsflå          

 

På ettermiddagskonserten fann vi og innslag med Ålesund Dixie & Swingband og svinga gjorde det skikkeleg bra. Når trombonisten lettvint kunne hive på seg trekkspelet også, så vart det godt motteke av publikum.  Så hadde vi Ørskog og Omegn Toraderlag, som etterkvar er nokså talrike. Denne gong leia av gode Vegard Hansen som vel har satsa på torader som yrke. Dei svenske superartistane Anders Larsson og Alf Hågedal skuffe ikkje. Her var det profesjonalitet i kvar tone og fingerbevegelse. Alf Hågedal røpa og at han likte å spele jazz, men likte då å ha med sitt spesielle komp, så den biten fekk vi ikkje oppleve denne gongen.  Larsson fekk også demonstrert at han handterer pianoklaviaturet i horisontalstilling og drog på skikkeleg friske låter på eit flygel som stod lagleg for hand.

 

   

 

   

  Frå et tidligere treff i Geiranger - veteran Gunnar Nakken har sans for Alf Hågedal sin spillestil og ferdigheter       Anders Larsson imponerte  

 

Så var det laurdagsvingom. Musikken var variert og god. Frå Sunnmøre fann vi grupper som "Møregjengen" leia av Alf Vatne, tre trekkspel med bass, fine arrangement og fingerferdige herrer. Elles hadde vi Lars Håvik som leverer fin dansemusikk, også med elegante lett improviserte svinglåter. Ein kar frå Hobøl polulært kalla "Knerten", også kjend frå Titanofestivalen, hadde reist den lange vegen for å oppleve litt vestlandsnatur og miljø. Friskt spel gjerne i høgt tempo, som har vore hans kjennemerke, då han i sin tid hadde opptreden saman med Sigmund Dæhli. Klubborkesteret tok sin runde, eldre og yngre i fint samspel.  Frå Valldal hadde vi eit fullt og svært so oppegåande Spelemanslag, frisk og god musikk. Dei dreg litt på åra, men held koken.

 

Å nemne alle som var med rekk ein ikkje, men ein kar som merker seg ut, både fysisk og musikalsk er Odd Arne Halaas. Utruleg for ei stemme det fins i den kroppen. Når han dertil er trekkspelvirtuos og har foredrag som få, blir det berre bra. Den nye CD’n som han hadde med, og som er lagt ut på salg, har med litt av kvart. Alt svært bra og spanande. Med seg på dei fleste innslag har han Reidar Dahle på gitar, som og assisterte andre grupper som mangla passande komp. Har er berre utruleg god og rutinert.

 

Utstilling av Castagnari instrumenter med Randi og Willy Rustad fann vi og.

 

Så var det buskspelsekvensane i salongen som diverre ikkje starta før i halvfiretida på natta. Formiddagskonserten på ein time ga ei fin avrunding og dermed var det slutt og på heimveg.  Neste år er det 30- års jubileum, og svært mange tinga rom til neste år.  

 

         

  Alf Vatne - trekkspiller frå Volda. Leiar Møregjengen som spiller godt       Buskspelentusiast Ragnar Tomasgård  

 

   

 

   

   Ellev Tomasgård. Noen har bedre drag på fiolinen enn andre. Rutinert spelemann med røtter i Hornindal.       Martinus Hoel (Valldal Spelemanslag) med sin fiolin var aktiv rundt omkring.  

 

   

 

   

  Lars Håvik har godt drag på belgen...       Ørskog og Omegn Trekkspelklubb er tallrike på scena