Lørdag 26. oktober avvikles Vestopplandsstevnet på      Gran, Hadeland 

Granvang kl. 12.00 – 01.00   -   info:  6132 5219 eller 917 87 195 (Else Sørensen)

Dette er et runddans stevne med tevling i spel og dans, men ca. kl. 19.00 blir det også konsert med

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Knut Kjøk og Dag Gården

med produksjonen ”frå folk te` folk” som spenner frå rolege lyarslåtter til viltre springleiker og hallinger

 

 

Slik fortel dei to musikarane om seg sjølve:

 

Knut Kjøk
Eg vart fødd i Lom i 1948 og fekk mi fyrste fele i 12 - års alderen. Oppvaksen i ein folkemusikkheim som eg er, var det på det næraste bestemt på førehand at eg skulle bli spelemann. Alle ikring meg behandla meg som ”spelemannen” heilt frå eg var ein neve stor. Det var derfor lita sjanse for meg å sleppe unna denne lagnaden. Far min, Erling Kjøk, var aktiv i folkemusikkmiljøet og eg kom derfor tidleg med på kappleik. Fyrste kappleiken eg deltok i sjølv var på Fagernes i 1967. Sidan den gongen har kappleikane vore ein naturleg tumleplass for meg og eg har vunne A- klassa på Landskappleiken 5 gonger. Det er mange personar innan folkemusikkmiljøet som har vore store inspirasjonskjelder for meg, og ved sida av far min vil eg særleg trekkje fram Pål Skogum og Mattias Bismo. Eg har mykje å takke folkemusikken for: Store personlege opplevingar, konsertar i inn- og utland,  plateinnspelingar og sist men ikkje minst, fast arbeid. Eg er i dag tilsett som felelærar ved musikk-og kulturskulane i Sel og Vågå kommune. I tillegg driv eg aktivt som utøvande musiker.

 

Dag Gården
Eg vart fødd i Vågå i 1959 og fekk framtida mi avgjort da ein kjenning sette att eit trekkspel heime da eg var 9 - 10 år gamal. Far min, Kristian Gården, framleis ein aktiv folkemusikar, vart som naturleg er min fyrste   læremeister. Vi spelte alt frå ”Ringnesen 1 og 2” til ”Aften på Grotli.” Det budde fleire trekkspelarar i Vågå som var viljuge til å lære bort nokre knep til ein ungdom. Mest hjelp fekk eg nok frå Hjalmar Moen og Jørgen Stasviken, men ein annan musikalsk inspirasjonskjelde som var minst like viktig for meg, var musikklærar ved ungdomsskulen i Vågå, Per Skeidsvoll. Som 16–åring flytta eg til Oslo for å byrje på musikklinja på Foss  videregående skole. Det fyrste eg gjorde da, var å skaffe meg eit trekkspel med melodibass, eller eit såkalla akkordeon. Den utflytta Heidølen, Jon Faukstad var skulen sin instrumentallærar på dette instrumentet. I 1979 byrja eg på Norges musikkhøgskole og sikra meg på den måten Jon som akkordeonlærar i 4 nye år. Etter endt utdanning hadde eg mange magre år i Oslo som freelance musikar, lærar og drosjesjåfør før eg i 1990 fekk arbeid som musikkskulerektor i Sel kommune. For tida er eg ute i ein toårig permisjon frå denne jobben og arbeider med arrangering og speling av folkemusikk på heiltid.