Nok å "varme seg på"  i kalde dagar?

Ta ein titt på kva Den norske folkemusikkveka 2003 byr på:

 

Folkemusikkveka 25.mai - 1. juni 2003 i Ål 

Nytt norsk - nytt svensk

Temaet for årets Folkemusikkveke er Nytt norsk - nytt svensk. Det vert eit møte mellom norsk og svensk folkemusikk der ideen er å vise nye namn, nye talent, nye solistar, nye grupper og nye konstellasjonar innan det svenske og norske folkemusikkmiljøet. Me vil få møte både yngre, framstormande utøvarar; og eldre, etablerte utøvarar som stiller med nye ting.

Blant dei svenske artistane finn me trioen Triakel med song,trøorgel og fele.

 

 

 

 

 

 

Så har me Sinklipass som er ei kombinert danse - og instrumentalgruppe. Dei har ein fenomenal sceneopptreden basert på svensk folkedans.

 

 

Lortbekkerz er ei anna gruppe med svært unge svenskar som spelar alt i frå kyrkjemusikk til folkrock.

 

 

Det vert og interessant samspel og solospel frå Magnus Stinnerbom og Daniel Sanden Warg på fele/hardingfele. Sistnemnde er busett i Setesdal, og handterar hardingfela som ein innfødt setesdøl! Han er den fyrste( og einaste) svenske som har spelt seg opp i kl.A på hardingfele.

 

 

 

Frå norsk side vil me få møte gruppa Trispann med Åsmund Nordstoga i spissen. Frå Setesdal kjem spelemannslaget Knut Heddis Minne som vann landskappleiken siste året.
Eit interessant møte vert det med Johansen -familien frå Mjøndalen som syng og spelar tradisjonelle taterviser.

 

 

 

Og så har me kyrkjekonserten Kr. Himmelfartsdag der me får eit tingingsverk av Jo-Asgeir Lie. Det er gruppa Tre Begrædelige Piger som skal framføre verket,som er basert på lyrikk frå Hallingdal og Møre.

 

 

Det vert ikkje mindre enn tre plateslepp under årets Folkemusikkveke: Embrik Bergaplass kjem med springar og laus frå Hallingdal, Knut Heddis Minne har CD-slepp og Trispann skal presentere si plate. Alle sammen skal ha konsertar i tillegg til plateslepp.

 

Forestillinga Nivelkinn med Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga kjem og til Ål denne veka. Dette er ei kritikarrost musikalsk dramatisering tufta på Aslaug Vaa sitt forfattarskap.

 

 

 

Og så får me vitjing av eit av dei beste gamaldansorkestra i landet; Dalakopa, som både spelar til konsert og til dans. Når ein så veit at Fanitulltevlinga og Bygdamønstringa går som tidlegare, og at Folkemusikkveka dreg til Løyte Gjestegard i Hovet ein kveld for å laga til bygdemoro, så vert det alt i alt mykje å gle seg til den siste veka i mai.

 

 

 


Meir er å lese på nettsidene  http://www.folkemusikkveka.no/