Dans Gardmillom i Gudbrandsdalen

22. – 24. juli 2004

 

Bli med og dans gardmillom i Gudbrandsdalen! Vi lærer deg tradisjonelle dansar frå Gudbrandsdalen; gammaldansar, springleik og halling. I tre gamle gardstun, ein ny gard for kvar dag, inviterer vi til kurs og dans i stugguhus, på låver og tun. Velkomne med gode dansesko og godt humør– dette blir morosamt, sosialt og lærerikt. Opplegget er ein del av satsinga Gardmillom, eit samarbeid mellom 14 kulturgardar i Gudbrandsdalen som presenterer eit stort mangfald av kulturopplevingar frå 16. – 25. juli 2004. Sjå www.gardmillom.no for fleire opplysningar.

Bodil og Knut Odnes er hovudansvarlege for danseinstruksjonen.  Dansekursøktene blir på om lag 5 timar kvar dag, med innlagte pauser. På kveldstid vil deltakarane møte eit levande miljø med spell og dans frå dalen.

 

Kleppe i Vågå torsdag 22. juli frå kl 15.00

Kurset vil denne dagen ha hovudvekt på gammaldans frå Gudbrandsdalen, og vi lover m.a. ei skikkeleg økt med runddans som vals, reinlender, masurka og skotsk. Kleppe er ein gammal storgard som dei siste 20 åra er restaurert på ein imponerande måte.  Kunstutstillinga ”Kleppesommaren 2004” er open, og det blir omvisning på garden, og høve til å sjå utstillinga.

 

Valbjør i Vågå fredag 23. juli frå kl 15.00   

Springleik er ein fascinerande dans, med sin ovale rytme og med rike variasjonar. Kurset denne dagen vil ha hovudvekt på springleik, og då i form frå Vågå. Gardstunet med 11 gamle hus er freda og ligg høgt og fritt i Nordherad, med utsikt rett mot Jotunheimen tvers over Vågåvatnet. Garden har allsidig drift med geit, gardsbutikk, dyrking av mange spennande vekster, og ulike kulturarrangement heile året gjennom. Denne kvelden er det åpen gard med pøbb, og springleik og huskehus som Olav Aukrust skreiv…. www.valbjoer.no

 

Rudi i Sør-Fron laurdag 24. juli frå kl 15.00        

Parhalling er ein dans som ei tid var ute av bruk, men som er rekonstruert på grunnlag av filmopptak med gamle dansarar frå Sør-Fron. Dette er ein fin dans der ein kan legge inn akkurat så mange utfordringer som dansarane er i stand til å meistre. Her er rom både for karstykkjy og enklare variasjonar.  Denne dagen legg vi hovudvekt på parhallingen, og repetisjon av dei andre dansane. Rudi er gjennom dei siste åra etablert som kulturgard med konsertar, teater, revy, utstillinger og meire. Om kvelden blir det gåmmåldags låvedans med god dansemusikk. www.rudigard.no

 

Overnatting

Deltakarane må sjølve tinge overnatting.  Det finst mange tilbod om overnatting på dei gardane som er med i Gå Gardmillom-opplegget.  Er du rask får du kanskje overnatting i tilknyting til dansegarden – sjå elles www.gardmillom.no.  I tillegg finst ei rekkje hotell og andre overnattingsbedrifter.

 

Pris

Samla kurspris kr 1500,-.  Dette inkluderer eit godt måltid på kvar gard, samt inngang til alle aktivitetar som foregår på garden der dansekurset er kvar dag.  Aktivitetane inneheld m.a. kunstutstillingar, gardspøbb m/dans fredag og låvedans laurdag. Dans Gardmillom blir selt som ei pakke, men dersom det er ledig plass når dagane nærmar seg, kan det vera høve til å delta på dagskurs.

 

Informasjon og påmelding

Valbjør                      Kleppe                Rudi

Live Hosar og Kai Valbjør              Ingunn og Dag Lindvig        Nina og Øystein Rudi

2680 Vågå                                 2680 Vågå                        2647 Sør-Fron

tel 61 23 70 59                           tel 61 23 20 18                 tel 61 29 86 60

faks 61 23 73 01                         dag@kulturarv.no              faks 61 29 86 70

post@valbjoer.no                                                              oystein@rudigard.no

 

Det kan også rettast spørsmål til kursansvarleg Knut Odnes på desse adressene:

Knut Odnes, 2683 Tessanden, tlf 61 23 98 64 / 975 11 702  /  k_odnes@hotmail.com