Kvarts med gjester på turne

 

KVARTS er på konsertturne med gjestemusikarane Berit Opheim, sang og Birger Mistereggen, perkusjon. Det er musikken frå forestillinga Skal – skal ikkje som er hovudinnhaldet i konserten. Forestillinga hadde urpremière under folkemusikkfestivalen i Førde i 2002, og gjorde knallsuksess. Musikken blir også gjeve ut på CD i etterkant av turneen.

 

Turneliste:

Onsdag 12. november kl 20.00:            Bardøla Høgfjellshotell, Geilo      

Torsdag 13. november kl 18.00:           Kulturhuset, Hotel Vøringsfoss, Eidfjord

Fredag 14. november kl 21.30:             Storehagen, Rica Sunnfjord Hotell, Førde

Laurdag 15. november kl 21.00:           Fraktgodsen, Voss

 

Medverkande

Kvarts:

Erlend Styve - gitarar

Jo Asgeir Lie - trekkspel

Øystein Rudi - fele

Tom Willy Rustad – kontrabass

 

Berit Opheim – song

Birger Mistereggen – slagverk / perkusjon

 

Tor Magne Hallibakken – lyd / lys

 

 

Presseklypp etter forestillinga Skal – skal ikkje:

Skal, skal ikkje vart eitt av festivalens desiderte høgdepunkt. Sjeldan har eg kjent meg så lykkeleg etter å ha vore på teater, og vedvarande trampeklapp etter teppefall tyda på at fleire hadde same kjensla.

Firda 8.7.02

 

Skal - skal ikkje ble et høydepunkt i Førde. (…) Skal - skal ikkje kan gi norsk folkemusikk et nytt publikum, samtidig som den står støtt i tradisjonen. Et løft for folkemusikken i Norge, intet

mindre.

Arne Berg, NRK

 

Folkemusikkgruppa KVARTS er ei av dei mest profilerte gruppene i norsk folkemusikk. Våren 1999 gav kvartetten ut debutplata KVARTS, ein produksjon som fekk gode kritikkar, og Spellmannprisen. Oppfylgjarplata, ”Filigran”, vart nominert til Spellmannprisen for 2001. KVARTS har vore engasjert ved dei største folkemusikkfestivalane i Noreg og i Sverige. I tillegg har gruppa hatt store jobbar i “ikkje folkemusikalsk” samanhang.

 

KVARTS har også skrive musikk til to større tingingsverk. I 2000 urframførte gruppa tingingsverket ”Gneistar,” som var bestilt av Den Norske Folkemusikkveka på Ål i Hallingdal. Sommaren 2002 hadde gruppa premiære på konsertframsyninga ”Skal, skal ikkje” under Førde Internasjonale Folkemusikkfestival.  Framsyninga var eit samarbeid mellom festivalen og Rikskonsertene, og fekk gode kritikkar av både publikum og presse. KVARTS komponerte musikken. Repertoaret til kvartetten er bygd på norsk, og dels svensk tradisjonsmusikk. I tillegg vert det nytta ein god del eigenkomponert materiale. Medlemmene har bakgrunn i ulike musikalske distrikt innan folkemusikken, i tillegg til andre musikalske retningar.

 

Birger Mistereggen (f. 1967) kjem frå Rendalen i Østerdalen. Han er ein allsidig perkusjonist med klassisk grunnutdanning  og hovedfag i folkemusikk med slåttetromma som emne. Han virkar no som frilansar innan både klassisk, jazz og folkemusikalske sjangrar og er m.a. medlem av gruppene ”Ophelia Ragtime Orchestra”, ”Odeon”, ”Streif” og ”Folk”, kor han også virkar som songar. Mistereggen er lærar i klassisk slagverk på Foss vgs. i Oslo, ved Høgskulen i Tromsø  (HITØ) og er fast gjesteforelesar ved Norges musikkhøgskule.

Berit Opheim (f. 1967) kjem frå Voss. Ein framifrå folkesongar som medverkar i ei rekkje ulike prosjekt, solistisk og saman med ulike ensemble.
Utdanning frå Norges Musikkhøgskule. Har på ulike vis vore nært knytt opp til Ole Bull Akademiet på Voss.

 

Jo-Asgeir Lie (f.1972) kjem frå Voss, og spelar trekkspel. Han har utdanning frå Norges musikkhøgskole med klassisk akkordeon som hovudinstrument. Våren 1998 tok han hovudfagseksamen i folkemusikk med trekkspelaren og komponisten Oddvar Nygaard som hovudemne. Han har medverka på fleire plateproduksjonar, konsertturnéar i inn- og utland, og har spela med mellom anna Per Indrehus, Sven Nyhus, Leif Rygg og Voss Spelemannslag. Han arrangere også musikk for fleire ensemble.  Han har er både ved Voss Folkehøgskule og Viken Folkehøgskule og Ole Bull Akademiet. Han arbeider også som musikkskulerektor og musikkleiar i Ål kommune.

Øystein Ovrum Rudi (f.1969) kjem frå Sør-Fron i Gudbrandsdalen. Han har lært av ei rekkje spelemenn, særleg i Gudbrandsdalen, men og frå andre kantar av landet. Øystein driv i dag som spelemann åleine, i gruppa KVARTS og med ei rekkje andre musikarar. Han har 3 spellemannsprisar i klassa folkemusikk. Øystein vann Landskappleiken i 1997 og 1998. I 10 år var han musikalsk leiar for Sør-Fron spelemannslag. I tillegg til utøvande verksemd gjennom ei rekkje turnear både i inn- og utland. Han er nytta som lærar ved Ole Bull Akademiet på  Voss, og driv opplæring på prosjektbasis. Dei tre siste åra har han saman med familien bygd opp kulturstaden Rudi Gard i Gudbrandsdalen (www.rudigard.no)

Tom Willy Rustad (f.1966) kjem frå Oslo og har ein allsidig musikalsk bakgrunn, der far og bestefar har vore sentrale læremeistrar. Han var den fyrste som tok hovudfag i folkemusikk ved Norges musikkhøgskole. Emnet for hovudoppgåva var folkemusikken på einradar. Han har også gjort eit stort forskingsprosjekt på einradartradisjonen i Hallingdal. Tom har også 4-årig utdanning i klassisk gitarspel frå Norges musikkhøgskole. Han har vore lærar ved folkemusikklinjene i Valle i Setesdal og på Fagernes, og foredragshaldar både ved Raulandsakademiet og Ole Bull akademiet. Har deltatt i en rekke konsertturnear i inn- og utland, mellom anna saman med Kirsten Bråten Berg og Ånon Egeland. Våren 2003 vart Tom W. Rustad ansett som førsteamanuensis ved Norges Musikkhøgskule i 50% stilling, og han kombinerer dette med frilans musikarverksemd og noko undervisning ved folkemusikklinja ved Vinstra Vidaregående Skule.

Erlend Styve (f.1971) kjem frå Voss. Han er ein allsidig musikar som arbeidar innan fleire sjangrar. Mellom anna har arbeidd mykje med roots, blues og ulike former for dansemusikk. Han har medverka på fleire plateinnspelingar som studiomusikar, og har også vore gitarist i ulike folkemusikk- og gammaldansgrupper. Til dagleg arbeider Erlend med undervisning i gitarspel ved musikkskulane i Granvin og Eidfjord, han har sin eige Rockabillytrio og han har ei mengd oppdrag som frilansar.

 

Fleire presseklypp:

Det kanskje mest vellukka i Skal – skal ikkje er spenninga mellom samtid og fortid. Medan kostyme og musikk har element av tradisjon i seg, tematiserer den velskrivne teksten notida. Denne koplinga skapar ei tidlaus ramme kring møtet mellom mann og kvinne. [Til hausten] kan folk kringom heile landet gleda seg til eit drama som rommar musikk, song og dans av ypperste folkemusikalske merkje.”

Klassekampen, 10.07.02

 

Skal – skal ikkje er blitt en særegen og flott teateropplevelse. Her er ikke folkemusikken brukt som et symbol på forgangne tider. Tvert imot. Han og hun er typiske unge mennesker av i dag og antakelig mer fortrolige med rock og rap enn med slått og stev. (…) Til høsten reiser Skal – skal ikkje ut på turné med Rikskonsertene. Gå ikke glipp av en stor opplevelse hvis den kommer til ditt hjemsted. Publikum i Førde var ikke i tvil: Hele salen reiste seg og hilste ensemblet med velfortjente ovasjoner.

IdaLou Larsen, Spelemannsbladet

 

 

For fotos og meir informasjon, kontakt

KVARTS v/ Øystein Rudi

Tlf 91 38 53 88, kvarts@kvarts.no  

 

Bilderwww.mediabanken.no

Brukernavn: RudiGjest

Passord: RuGj