GAMMALDANSGALLA I NAUSTDAL MED SVEN NYHUS ORKESTER

 

Alt ligg til rettes for  Gammaldansgallaen i Naustdalshallen  laurdag 25. oktober.

I år er  Sven Nyhus orkester  hovudorkester  med Naustedalen sine eigne krefter som avløysingsmusikk. Sven Nyhus orkester er kjent frå utalege radio- og fjernsynsprogram og dansespel frå dei viktigaste gamaldansscenene i landet. Sven Nyhus sjølv kjenner vi som folkemusikk- og gammaldanssjef i NRK og seinare professor i folkemusikk ved musikkhøgskulen i Oslo.

 

Som avløysingsmusikk vil gruppa Naustedølen, Naustedalen Spelemannslag og Toradergruppa i Naustedalen Spelemannslag spele kvar si økt. 

Naustedalen Spelemannslag gjorde det skarpt under Landsfestivalen i sommar der dei vart beste hardingfelelag og kom på ein 7. plass totalt.

 

Den første gammaldansgallaen vart skipa til i fjor med Dalakopa som hovudorkester. Det møtte fram folk frå store deler av Sogn og Fjordane, og var så vellukka at dette skal bli eit fast årleg arrangement i Naustdal, seier leiar for Naustedalen Spelemannslag Einar Eimhjellen.

 

 

Foto: Sven Nyhus orkester som blir hovudorkester under Gammaldansgallaen i Naustdalshallen den 25. oktober.